• Velkomen til Forlaget Vett & Viten sitt digitale læreverk for dataelektronikar Vg3!

    Læreverket består av tekster, bilete, biletseriar, animasjonar, instruksjonsfilmar og mange ulike typar oppgåver som vi håpar de får nytte av.
  • I Noreg er det

    Nkom (Norsk kommunikasjonsmyndighet)

    som står for tildeling av frekvensar.

    Klikk her for å sjå ein film om dette.

Velkomen til Forlaget Vett & Viten sitt digitale læreverk for dataelektronikar Vg3!

 

På denne nettsida finn du læreverket vårt for dataelektronikarfaget Vg3, som blei lansert hausten 2017. Det består av tekster, bilete, biletseriar, animasjonar, instruksjonsfilmar og mange ulike typar oppgåver som vi håpar de får nytte av. Læremiddelet er utarbeida med støtte frå Utdanningsdirektoratet. 

Via menyen til venstre kan du navigere deg gjennom innhaldet, som er inndelt i fire hovudkategoriar og med fleire underkategoriar. I toppmenyen finn du dessutan dei ulike filmane, animasjonane og oppgåvene samla i eigne kategoriar. Øvst til venstre kan du byte målform.

Dataelektronikarfaget går ei spennande tid i møte. Samfunnet vil utan tvil ha eit stort behov for fagpersonar som er kvalifiserte til å handsame teknologi, enten det dreier seg om rein elektronikk, datamaskinar, utstyr for kommunikasjon eller robotar, osv. Å kunne installere, utføre service og vedlikehald og kunne reparere ut frå gitte retningslinjer, lovar og forskrifter vil vere viktige eigenskapar. Det vil derfor vere naudsynt å kunne forstå korleis system, apparat og utstyr er bygd opp og fungerer, som igjen inneber forståing og kjennskap til korleis komponentar og elektroniske kretsar fungerer og reagerer. I tillegg vil ein kunne handsame ulike instrument i måling og feilsøking. I dette arbeidet er det viktig å kunne forstå og bruke teknisk dokumentasjon, og i tillegg vere klar over aktuelle lovar og forskrifter som gjeld tryggleik og miljø. I desse samanhengane vil dataelektronikaren ha viktige samfunnsfunksjonar å fylle.

 

Ta gjerne kontakt med oss viss du lurar på noko!

Hilsen forfattararne og Forlaget Vett & Viten